Arkitektur, statuar og eit skyhøgt minibankgebyr
Dag 5: Bratislava møtte meg med UFO-tårn, nasjonalteater og ein smilande kloakkarbeidar, medan Praha baud på ekstrem oppussing, illusjonar og ein minibank-svindel av verste sort.
Fire hovudstader på éin dag
Dag 4: Frå morgontrasking i Zagreb via regntunge Ljubljana til eit overraskande hyggeleg møte med Villach, før eg kasta eit blikk på Wien på veg til Bratislava. Ekspedisjonen i Sentral-Europa har ikkje blitt nøyaktig slik som eg planla, men opplevingane kjem som perler på ei snor.
Omvegar gjer livet rikare
Dag 3: Kven andre enn ein litt overivrig togreisande ville lagt inn 2 timar og 19 minutt ekstra i eit mellomalder-tog utan aircondition, berre for å spara 200 kroner på overnatting og kunna seia «Eg har vore i Kroatia»? Omvegen var slett ikkje prega av luksus, men den blei minneverdig.
Dagen der det meste gjekk litt skeis
Dag 3: Dagen starta i ein pittoresk småby i Austerrike, og skulle etter planen bli ein dag med spektakulær utsikt frå panoramavogna på toget. Men i staden for, blei det eit maraton av setetjuveri, forseinka tog og absurde augeblikk.
Frå ravine og croissant til alpar og politisk einevelde
Dag 2: På denne etappen gjekk reisa gjennom små, men svært ulike land; frå ravinebyen Luxemburg, via Frankrike og Sveits, til alpelandet Liechtenstein. Undervegs blei det gratis kollektivtransport, sveitsiske kyrkjetårn, franske spesialitetar og eit fyrsteslott som tronar symboltungt over både parlament og regjeringsbygg.
Kubehus, gullfasadar, pissande barn og blå fantasivesen
Dag 1: Første stopp på Europa-ekspedisjonen min var Rotterdam, der arkitekturen står i kø for å bli fotografert, alt frå skråstilte kubehus til ein moderne marknadshall med stor glasfasade. Neste etappe gjekk til Brussel, ein by som byr på gullbelagde fasadar, pissande fontenar og små, blå fantasivesen.
Er det mogleg å besøka 10 land på 5 døgn?
Eg har bestemt meg for å testa punktlegheita på det europeiske jernbanenettet. I løpet av fem dagar skal eg reisa miljøvennleg gjennom ti land, besøka femten byar og leggja bak meg over to tusen kilometer på skinner.
#FarvelMeta
Etter snart tjue år i eit forhold som byrja med dulting og meiningslause innlegg, tek eg nå eit stort steg: Eg slettar kontoane mine på Facebook, Messenger og Instagram.
Bør ein få lov til å designa sine eigne barn?
Bioteknologi har gitt oss menneske betre levekår – mellom anna ved å auka matproduksjonen gjennom husdyravl, framstilla medisin av planter og betra kvaliteten på ulike produkt og materialar, men kor går grensa for kor mykje menneska skal få lov til å endra på naturen?
Me treng eit kommunalt klimamål
Miljøpartiet Dei Grøne ber ordføraren om å leggja fram ei sak i kommunestyret, der det kjem fram kor mykje Hjelmeland kommune må kutta i utslepp av klimagassar.
Korleis kan omvendt undervisning og digitale forteljingar endra undervisning og læring i samfunnsfag?
I denne artikkelen vil eg drøfta og reflektera over undervisningsmetoden omvendt undervisning (flipped classroom) i ein pedagogisk og fagdidaktisk samanheng, for å svara på korleis omvendt undervisning og digitale forteljingar kan endra undervisning og læring?
Meir læring med omvendt undervisning?
I samband med PfDK-studiet har eg laga eit undervisningsopplegg til temaet Angrepet på Noreg i samfunnsfag på 9. trinn. Utgangspunktet for oppgåva var at eg skulle produsera ein film som introduksjon til temaet, samt laga eit sett med øvingsoppgåver til filmen.
Kva er ein profesjonsfagleg digital kompetent lærar?
I dagens samfunn blir det stadig viktigare at opplæringa gjer elevane er i stand til å identifisera truverdig informasjon, sitera kjelder, verna eigne andsverk, bruka etiske verdiar og haldningar i kommunikasjon og samhandling, produsera egne digitale ressursar og utvikla eit reflektert forhold til eigne og andre sine handlingar, kulturelle forskjellar, verdiar og rettar.
Hjelmeland treng utvikling, ikkje samanslåing med Strand
Sentraliseringa aukar. Store avgjerder blir i stadig større grad tekne langt unna dei som faktisk blir ramma. Difor meiner me at framtida til Hjelmeland handlar om å styrka oss sjølv, og ikkje om å gå inn i ein større kommune styrt frå Jørpeland.
På høg tid med ansvarleg økonomistyring
I Strandbuen onsdag 10. juni gyv Jone Kvame laus på mellom anna Senterpartiet, og kritiserer oss for å «ta sjansen på ROBEK». Det er menneskeleg å gløyma, eller fortrengja, så eit historisk tilbakeblikk må til for å skjøna kvifor Senterpartiet gjer som me gjer i denne saka.
Gutar og skriving
KAL-prosjektet (Kvalitetssikring av læringsutbytte i norsk skriftlig) viser at det er store kjønnsforskjellar innan skriving: Jentene skriv mykje betre enn gutane, særskilt i dei personlege og forteljande tekstane. Kva bør ein fokusera på for å stimulera til meir skriveutvikling hjå gutane?
Slaget står om kommunen vår
Senterpartiet er opptekne av lokaldemokrati og lokalstyre, av levedyktige bygdesamfunn i heile Noreg, der det er kort veg frå grasrota til dei som styrer.
Nytt lokalmagasin for Hjelmeland
| FormgjevingMedia |
I mai 2013 kjem den første utgåva av lokalmagasinet «Mitt Hjelmeland» deisande ned i alle postkassar i Hjelmeland.
– Er du forfattar, Morten?
| Bøker |
Ein får mange spørsmål opp gjennom livet, men det er ein ikkje alltid like førebudd på kva som kjem ut av munnen på ungdomsskuleelevane.
Hva er virkeligheten – egentlig?
| Litteratur |
«Virkelighet» er et dikt som problematiserer hva virkeligheten egentlig er: Er det som vi fyller livene våre med, og kaller virkelighet, egentlig bare illusjoner og drømmer som vi flykter inn i, nettopp for å unngå å se den egentlige og harde virkeligheten i øynene?
Historisk praktverk om Hjelmeland Idrettslag
| Bøker |
Jubileumsboka om Hjelmeland Idrettslag er nå ferdig trykka. Det har vore eit tidkrevjande men interessant prosjekt å dokumentera 100 år med sport og idrettsglede.
Ryfylke MultiGuide er lansert
| Media |
På oppdrag for Reisemål Ryfylke har Hetland Media vore prosjektkoordinator for utviklinga av mobilapplikasjonen Ryfylke MultiGuide.
Pustar letta ut
Etter å ha blitt ei erfaring rikare, pustar eg no letta ut etter vel blåst "Hetland og Hausken Show" på Hjelmeland Samfunnshus i går.
Hjelmelandsnytt er avvikla
| Media |
Grunna for få innsende arrangement, manglande annonseinntekter og fleire konkurrerande arrangementskalendrar blir Hjelmelandsnytt lagt ned frå og med 1. april 2012.
Idrettslaget, Idrettsrådet og kommunen
| Frivillig arbeid |
I dag har eg som leiar i Hjelmeland Idrettslag vore i møte med Hjelmeland kommune og Hjelmeland Idrettsråd. Det vart eit konstruktivt møte, der alle partane prøvde å finna dei beste løysningane for idretten i Hjelmeland.
Frivillig arbeid og trivsel
| Frivillig arbeid |
Det hender rett som det er at familie, venner og kjenningar kommenterer «Har du tid til alt dette, Morten?». Eg driv nemleg med mykje frivillig arbeid, og stortrivst i roller der eg kan gje noko tilbake til kommunen som eg er blitt så glad i.
Takk, Strandbuen!
Eg vil med dette takka Strandbuen for ein leksjon i korleis eg skal meina noko og te meg som folkevalt politikar. Strandbuen kjem på leiarplass i sist avis med skuldingar om at eg mellom anna er «respektlaus» og har «dårleg innsikt i det demokratiske prinsipp». Dette krev ei oppklaring.
«Den nye kapellanen» i norskundervisninga på 2010-talet
| Aktuelt |
Har «Den nye kapellanen» pedagogisk potensiale utover den tradisjonelle litteratur-undervisninga, eller passar den berre for underhaldninga sin del?
Norske dialektar i stadig endring
| Aktuelt |
Tida me lever i byr på raske endringar i kultur og levemåte, og når samfunnet endrar seg skjer det også noko med språket. Dialektar endrar seg og dialektgrensene våre blir flytta.
Utviklinga av det norske demokratiet
| Aktuelt |
Røtene til det norske demokratiet strekk seg langt attende i tid. Allereie før år 800 møttest frie menn til allting, mellom anna for å diskutere rettslege og politiske saker. Likevel skulle vegen til allmenn røysterett for både menn og kvinner bli svært lang.
Nordmenn sine haldningar til den tyske nazismen
| Historie |
Under den andre verdskrigen prøvde dei fleste nordmenn å leva liva sine som før. Somme tok likevel aktivt stilling og blei tystarar eller medlem av NS, medan andre risikerte liva sine som motstandsfolk.
Få Ryfast på plass snarast
Vegen mellom Ryfylke og Nord-Jæren er i praksis stengt mellom ferjeavgangane i Tau- og Høgsfjord-sambanda. Slik skal det vel ikkje vera i 2012?
Ny Terøy-thriller
| Bøker |
Vegard Terøy er nok ein gong aktuell med ny bok, si andre bok på ti månader! Sist velta me ei ku, men no skal me gå «På line over livet».
«På line over livet»
| Bøker |
Om lag tretten år har gått sidan Olav Bjelland i psykotisk tilstand sjokkerte heimbygda si med sin fryktelege ugjerning. Etter lang tids opphald på ein institusjon vender han, som vaksen mann, tilbake til samfunnet.
Nye Sp-folk i kommunestyret
| Politikk |
Eg vil på vegner av Hjelmeland Senterparti takka veljarane for alle røystene i kommunestyrevalet 2011.
Ungdommane er framtida
| Politikk |
Ungdommane er framtida vår. Senterpartiet ser framover, og me er ikkje i tvil om at ungdommane trengst i Hjelmeland.
Samhald og framtidshåp
22. juli 2011 er dagen me aldri kjem til å gløyma. Dei tragiske terroråtaka denne sommardagen for snart ei veke sidan kjem til å endra Noreg for alltid, forhåpentlegvis i positiv retning.
Noreg i sorg
Dei som stod bak terroråtaka må nok berre innsjå at alle som bur i Noreg elskar landet sitt og står saman uansett bakgrunn og tru. Folk må bruka desse tragiske hendingane til å koma nærare og innsjå at me er eitt folk som har eitt felles mål, nemleg at fred og demokrati skal gjennomsyra kvardagen vår.
Utvandringa frå Hjelmeland til Nord-Amerika i perioden 1829–1920
| Aktuelt |
Ryfylke-bygdene opplevde ei massiv utvandring i løpet av 1800-talet og starten på 1900-talet. I tida fram til 1865 var Hjelmeland den kommunen i Rogaland som sende flest emigrantar i høve til folketalet.
Meir språkmangfald i språknøytrale kommunar og fylkeskommunar
Det er ingen språknøytrale kommunar som brukar nynorsk i særleg grad, sjølv om mange språknøytrale kommunar ligg i område som tradisjonelt har mange nynorskbrukarar.
Ny bok: «Å velta ei ku»
| Bøker |
Vegard Terøy (21) har skrive boka «Å velta ei ku», som byr på ei misantropisk og mørk historie, krydra med lettbeint humor og hobbyfilosofering frå ein ung bygdeoriginal sitt forvirra sinn.
Hjelmelandsnytt held fram
| Media |
Etter grundig evaluering er Hetland Media komne fram til at Hjelmelandsnytt skal vera den beste kalenderen med informasjon om arrangement i alle bygdene i Hjelmeland kommune.
Bok om utvandrarane
| Bøker |
Odd Harald Olsen har skildra historia om korleis det kunne vera å reisa til USA for over hundre år sidan, og kva ein i dag kan oppleva og kven ein kan møta i dei Ryfylke-prega bygdene i Midtvesten i USA.
Justering av språkpraksis i Hjelmeland kommune
Hjelmeland Mållag ynskjer å hjelpa til med å arrangera nynorskkurs for kommunale sakshandsamarar som ikkje meistrar nynorsk. Dersom eit slikt nynorskkurs ikkje blir for dyrt for oss, vil me også dekkja kostnadene med sjølve kurset.
Lokalavisa som lim og lupe i lokalsamfunnet
| Aktuelt |
Ei undersøking av den redaksjonelle utviklinga til lokalavisa «Bygdaposten for Hjelmeland» i perioden 1973-2009
Drift av nettstaden til Hjelmeland Sogelag
| Media |
Den lokalhistoriske nettstaden til «I slektas fotefar» har gått gjennom store endringar for å bli nettstaden til Hjelmeland Sogelag.
Ungdomslivet
| Skråblikk |
Me har mange forskjellege ungdomsgrupper i Noreg. Bygdeungdommen, idrettsungdommen, innvandrarungdommen, byungdommen, gjengungdommen osb. Men kva er det eigentleg som skjuler seg bak fasaden av kvisete og urein hud.
«Ein eventyrleg tur»
| Foto |
No kan ein bestilla bilete frå prinsesse Märtha Louise sitt besøk i Eventyrskogen i Årdal, 20. september 2009.
Hjelmeland Mållag vil behalda Bygdaposten
Styret i Hjelmeland Mållag trur og fryktar at ei felles avis for Strand, Forsand og Hjelmeland vil verta mest dominert av bokmål, og såleis vil vårt arbeid for nynorsk opp gjennom åra få eit kraftig tilbakeslag.
Stadnamn på Hetland
Teoretisk og praktisk gransking av stadnamn på Hetland og omegn.
Det er framleis ikkje for seint å snu!
– Me må spara, er eit mykje brukt sitat blant politikarane i Hjelmeland dei siste ti månadane. Politikarane er overdrivne opptadde av å spara, noko me blant anna kunne lesa om i Bygdaposten i november 2007. Der kunne ein lesa at kommunen ville spara svimlande 25 millionar på to år.
Religiøse tilhøve i dagens Noreg
Ut i frå måten me lever på kan dagens Noreg kan kallas eit kristent land. Både etikk, moral, livsløp og tidsrekning er sterkt prega av kristendommen.
Herskinga si vonde makt
| Skråblikk |
Dei som følgjer med på realityprogram og talentkonkurransar som forureinar TV-skjermane kvar einaste kveld, har kanskje lagt merke til korleis ein kan hersa med andre menneske.
Draumen om «Noreg» og nynorsk
Etter at me fekk grunnloven i 1814, blei folk opptekne av den norske kulturen, og dei hadde eit brennande ønske om å verte ein sjølvstendig nasjon. Ønska om å skapa eller finna fram noko som var typisk norsk, var større enn nokon gong.
Dialektar er identitet
| Språk |
Dialektane våre har fått ny status, men samstundes står dei i fare. Når ungdommar i heile Rogaland byrjar å høyrast like ut, og engelsken tek posisjon i både slang og fagspråk, blir det viktigare enn nokon gong å halda på det som gjer oss ulike og ekte.
Kva er gale med den norske skulen?
Norske skuleelevar presterer dårleg i internasjonale undersøkingar. Trass i fleire store reformer og langt fleire skuletimar, ligg Noreg under snittet i både matematikk, lesing og naturfag. Kva er det som går gale med skulen i landet med verdas beste levekår?
Språket vårt er ikkje så norsk som me trur
| Språk |
Språket me kallar norsk er forma av kriser, handel, unionar og ungdomskultur. Alt frå hanseatar til hiphop har sett sitt preg på måten me snakkar og skriv på i dag.
Kor vart det av løftet om gratis bøker?
Politikarane braut løftet om at elevar får leiga skulebøker. Dette blir ein dyr ekstrakostnad for elevane på vidaregåande skular.
Kvifor fryktar me døden?
Menneska sitt forhold til døden, varierer alt etter kor i verda dei bur. Tusenvis av menneske lev i konstant frykt for døden, grunna vald og terrorisme kring i verda.
Ka e de du seie?
| Språk |
Dersom ein reknar med at kvar kommune i landet representerer ei dialekt, kan me rekne med at det er om lag 431 dialektar i Noreg. Til trass for dette kan likevel nabokommunar ha større dialektskilnadar enn ein reknar med.
Kampen om den nye teljemåten
Året er nittenførtiseks. Krigen er over i Noreg, framtidstrua og optimismen rådar. Etter fem år i framandmanns styre skal Gerhardsen byggje opp landet, murstein for murstein. Problemet er berre at året nittenførtiseks ikkje eksisterar.
Kvinna – ei gåte
| Skråblikk |
Kor mange gonger har du ikkje stilt deg spørsmålet; kva er det med kvinnene? Eg greier ikkje lenger å telje på verken fingrar eller tær, eller begge delar. For meg vil kvinna alltid vere ei gåte.